november 26, 2012

Om Loen Active

loenactiveLoen Active er ei aktivitetsbedrift, som gjev deg opplevingar med start frå Loen sentrum. Via Ferrata Loen,  fjellturar med guide, sykling og aktivitetar på  fjorden.
Om vinteren har vi skøytebane med utleige av skøyter, samt utleige av truger og kjelkar på Hoven.
Vi er lokalisert i Loen sentrum rett ved RV 60.

Flaggskipet er Via Ferrata Loen, ein klatresti (bygd i 2011) rett bak Hotel Alexandra. På «jernstien» opp fjellsida endar du på fjellet Hoven (1011 moh), med spektakulær utsikt til Lodalen, Oldedalen, Loen, Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen. Sommaren 2013 opna Gjølmunnebrua, den lengste via ferrata brua i Europa. Brua er 120 m lang og 35 cm brei, 170 meter over bakken! I tillegg blei det laga ei ny via ferrata rute opp Tunga etter brua. Begge rutene møtes på toppen. Sommaren 2015 bygde vi 110 m ny via ferrata i kategori E (ekstremt vanskeleg) i området nedanfor Gjølmunnebrua. Dette er ei valfri rute. Og på Tunga laga vi ei 36 m lang wirebru, Gjølmunnestrengen, for dei som verkeleg vil teste høgdeskrekken. Via Ferrata Loen høver godt for aktive turistar, teambuilding, firmaturar, vennegjengar; kort og godt ein fenomenal tur for deg som ønskjer å oppleve noko nytt og spektakulært i vår nydelege vestlandsnatur! Krav om normalt god fysisk form, varigheit på tur med guide er frå fem til sju timar. Vi anbefaler nybegynnerar å booke Via Ferrata Loen med guide. På toppen kan du besøke Hoven Restaurant for deretter å returnere til Loen med Loen Skylift .

Andre populære tilbod er sykkelutleige, båtutleige på fjorden og fjellturar med guide. Vinterstid tilbyr vi skøytebane, og utleige av truger og kjelkar.

Eigar av selskapet er Hotel Alexandra.

Butikk

Loen Active har salg av La Sportiva motbakkesko, joggesko, via ferrata klatresko, fjellsko og kle, Bridgedale sokkar, Casco sykkelhjelmar, Skogstad ytterkle for dame og herre, Via Ferrata loen t-skjorte, Eisbär huer, Skåla Opp t-skjorte, cap, krus og nøkkelringar, drikkeflasker, Buff, Sponser sportsenergi, La Sportiva sekkar, klatrehanskar, Zeal solbriller, stavar med meir

Opningstider

20. aug-2. sept:    måndag til fredag kl 9-17, laurdag og søndag kl 8-21
3.sept-14. okt:          måndag til fredag kl 9-17, laurdag kl 8-20 og søndag kl 8-19
20.-28. okt:              laurdag kl 8-20 og søndag kl 9-19
3.-17. nov:                laurdag kl 10-16
24. nov-15. des:    laurdag kl 13-18 og søndag kl 12-18
Frå 27.-30. des:     kvar dag kl 13-18
31. desember         kl 13-17
12. jan-27. apr:     laurdag kl 10-16
Påske:                        kvar dag kl 10-16
1. mai                         kl 9-17
18.-21. mai:             kl 8-20
22. mai-22. juni:   måndag-fredag kl 9-17 og laurdag/søndag kl 8-20
23. jun-19. aug:    kvar dag kl 8-21

Følg oss i sosiale media, og få med deg siste nytt!

Facebook.com/viaferrataloen
Facebook.com/loenactive
Instagram.com/viaferrataloen

Loen Active ønskjer å takke Innovasjon Norge og Stryn kommune for stønad i samband med oppstart av nytt firma.