Loen Active | Via Ferrata Loen

STORE OPPLEVINGAR

Go to Via Ferrata Loen

Via Ferrata Loen

Ein spektakulær klatresti til fjellet Hoven (1011 moh)

Go to Loen Skylift

Loen Skylift

Loen Skylift frå fjord til fjellet Hoven (1011 moh). Spektakulær utsikt og store opplevingar

Go to Vandring

Vandring

Vi tek deg med på fine turar med utgongspunkt frå Hoven og elles i Loen og Lodalen

Go to Sykling i Lodalen

Sykling i Lodalen

Lodalen er vill og vakker, og perfekt for ein sykkeltur

Vi gir deg store opplevingar og minne for livet

Loen Active butikken har ope laurdag kl 10-16. Fjellbutikken har ope laurdag og søndag kl 11-16. Via Ferrata Loen opnar igjen 1. mai. Vi anbefaler alle nybegynnerar å bestille via ferrata med instruktør. Loen Active er ei aktivitetsbedrift som gjev deg opplevingar med start frå Loen sentrum rett ved FV 60. Flaggskipet vårt er Via Ferrata Loen, ein klatresti bygd i 2011. Normal sesong for klatreruta er frå 1. mai til 31. oktober. Via Ferrata Loen høver godt for familiar med barn over 12 år, aktive turistar, teambuilding, firmaturar, vennegjengar; kort og godt ein fenomenal tur for deg som ønskjer å oppleve noko nytt og spektakulært i vår nydelege vestlandsnatur! Krav om normalt god fysisk form, varigheit på tur med instruktør er frå fem til sju timar. Vi anbefaler alle å booke via ferrata tur med instruktør første gong du går via ferrata. Sommaren 2013 opna vi Gjølmunnebrua, den lengste via ferrata brua i Europa. Brua er 120 m lang og 35 cm brei, 170 meter over bakken! I tillegg blei det laga ei ny via ferrata rute opp Tunga etter brua. Begge rutene møtes på toppen. Sommaren 2015 bygde vi ein 110 m ny parallell via ferrata i kategori D (veldig vanskeleg) i området nedanfor Gjølmunnebrua. Dette er ei valfri rute. Og på Tunga laga vi ei 36 m lang wirebru, Gjølmunnestrengen, for dei som verkeleg vil teste høgdeskrekken. Denne er òg valfri. Sommaren 2018 bygde vi ein 100 m lang ekstrem via ferrata, Tors Hammar, i kategori E, øverst på Tunga, for spesielt interesserte. Denne valfrie E løypa er blant dei vanskelegaste i landet, og inneheld i tillegg to små wirebruer. Tors Hammar er kun for svært erfarne via ferrata klatrarar, og her anbefaler vi å bruke kvileslynge i tillegg til via ferrata karabinar. I tillegg har vi bygt Ragnarok, som er ei heilt ny veldig vanskeleg ekstrem rute frå 430 til 940 moh i kategori F, og som går parallelt med og vest for Via Ferrata Loen. Her trengs spesialutstyr som ei tredje via ferrata kvileslynge, klatresko/via ferrata sko og minimum erfaring Tors Hammar to gongar etter kvarandre. Ovanfor Via Ferrata Loen kan du følgje to zipliner, begge går over Gjølmunna. Etter via ferrata turen endar du på fjellet Hoven (1011 moh), med spektakulær utsikt til Lodalen, Oldedalen, Loen, Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen. På toppen kan du besøke Hoven Restaurant for deretter å returnere til Loen med Loen Skylift. Loen Active tilbyr òg sykkelutleige, trøbåtutleige, kajakkutleige med guide på Nordfjorden, og fjellturar med guide. Vinter og vår har vi utleige av kjelkar, truger, snøfjøler, vinterdressar og vintersko

Team Loen Active

Erik Brendefur

Dagleg leiar

Per Helge Bø

Guide & vedlikehald

Via Ferrata Guidar

Leier deg trygt fram

Tilbakemeldingar