april 25, 2012

Via Ferrata Loen

Via Ferrata Loen er ein fenomenalt flott opptur frå fjord til fjell!

ALL KOMMERSIELL AKTIVITET / GUIDING I VIA FERRATA LOEN SKAL GÅ VIA LOEN ACTIVE

Start på nivå med Nordfjorden, på skogsveg og sti opptil 440 moh, deretter via ferrata opp til 910 moh og over Gjølmunnebrua på 750 moh. Via ferrata vanskeligheitsgrad frå A til C, alternativt D nedanfor brua og E (Tors Hammar) på siste del etter brua før Hoven. Ein kan òg velje å gå over wirebrua, Gjølmunnestrengen, som er 36 m lang, på veg oppover Tunga på veg mot Hoven. Frå 910 moh er det vanleg sti til Hoven som ligg på 1011 moh.

Vi anbefaler retur frå Hoven til Loen med pendelbane Loen Skylift . Alternativt kan ein følgje ein om lag 8 km lang anleggsveg og sti til parkeringsplass på Holme på Oppheim (280 moh). Frå Holme og tilbake til Loen er det 6 km.
Via Ferrata Loen er ein krevjande tur på normalt 5 til 6 timar.

From fjord to sky

Fakta

  • Vi anbefaler nybegynnere å bestille tur i Via Ferrata Loen med instruktør, og retur med Loen Skylift. Booking
  • Påmelding før det blir fullbooka og seinast kl 18 kvelden før. Maks 60 gjester pr avgang kl 9 og 10
  • Sesong frå 1. mai til 1. november
  • Oppmøte på Loen Active butikken (mellom Hotel Loenfjord og Hotel Alexandra) ein halvtime før avgang
  • All ferdsel på eige ansvar
  • Anbefalt aldersgrense er minimum 12 år
  • Forventa varigheit pr tur med guide: 5 til 6 timar inkludert pauser
  • Start frå Loen Active butikken, Via Ferrata Loen til Hoven og innom  Hoven Restaurant der guiden takkar for seg. Du kan returnere med Loen Skylift ned igjen til Loen når du sjølv ønskjer
  • Alternativ retur på 8 km lang grusveg (snarvegar på sti ved første og andre 180 graders sving!)  til parkeringsplass på Holme på Oppheim. Deretter seks kilometer tilbake til Loen
  • All kommersiell drift og guiding gjennom Loen Active
  • Spørsmål? post@loenactive.no eller tlf  57 87 58 00

Prisar

  • Via Ferrata Loen inkludert instruktør, klatreutstyr og retur med Loen Skylift   kr 1395,- pr vaksen og 1240,- pr barn (12-15 år)
  • Ein fersk grov baguett 90 g kr  60,- (førehandstinging)
  • Leige La Sportiva via ferrata sko    kr 110,-
  • Kjøp av hanskar    kr  55,-

Info om Via Ferrata Loen og kart og video

Følg @viaferrataloen på Instagram

Naudsynt utstyr som du må ha med i sekken

  • Niste / matpakke
  • 1,5 liter drikke (på varme dagar minimum to og gjerne tre liter veske dersom sola steiker)
  • Gummierte hanskar
  • Kle: vindtett jakke, lang bukse, buff/hue og elles varme kle etter vêrtilhøve
  • Sko: Vi anbefaler via ferrata/anmarsj sko, fjellsko eller robuste joggesko med rågummiert såle med god gripeevne på fjell (helst vibram såle). Loen Active leiger ut La Sportiva Hyper

Gjølmunnebrua. Foto: Willy Miljeteig

Utleige av via ferrata utstyr

Erfarne via ferrata klatrarar kan gå turen på eiga hand og leige via ferrata utstyr (sele og slynge med to karabinkrokar, og hjelm) i Loen Active butikken.
På dagar der det er fullbooka (120 gjester) på Via Ferrata Loen med instruktør, er det utleige av via ferrata utstyr kun etter kl 13.
Pris på utleige NOK 450,- pr pers.
All ferdsel på eige ansvar.
Dei som kun leiger via ferrata utstyr og går utan instruktør, kjøper eventuell returbillett til Loen Skylift på www.loenskylift.no , manuelt på Fjordstasjonen eller på automat på Fjordstasjon eller Toppstasjon. Eventuell familiebillett kjøper du kun manuelt på Fjordshop

Til dei som har eige via ferrata klatreutstyr og går utan instruktør på eige ansvar:

Det er eit sikkerheitskrav at du har via ferrata slynger enten med shock absorber eller rakneslynge for å gå Via Ferrata Loen.

Det kostar å halde ved like Via Ferrata Loen. Du kan støtte vedlikehaldet  ved å Vippse til 101073, betale til kontonummer 3705.20.83614 eller betale i Loen Active butikken. Takk for at du bidreg!

Loen Active ønskjer å takke Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Stryn 2013 for økonomisk stønad til bygging av Via Ferrata Loen. 

Kart

Kart via ferrata anlegg i Loen

Viaferrata_Loen_LoenActive 2019..jpg