april 25, 2012

Via Ferrata Loen

Via Ferrata Loen er ein fenomenalt flott opptur frå fjord til fjell!

ALL AKTIVITET (INSTRUKSJON OG LEIGE AV UTSTYR) I VIA FERRATA LOEN SKAL FOREGÅ I REGI AV LOEN ACTIVE

Via Ferrata Loen opnar 1. mai (med atterhald om mykje snø). Du kan booke via ferrata tur med instruktør til kl 9, 10 og 11, maks 40 gjester pr avgong. Laurdagar og kvar dag frå 1. juli til og med 15. august er det utleige av via ferrata utstyr til erfarne utan instruktør kun etter kl 14. Vi anbefaler alle nybegynnerar å bestille via ferrata med instruktør. I samråd med smittevernet vil Via Ferrata Loen anlegget vere open kun for gjester som bestiller tur med instruktør, eller dei som etter kl 14 leiger via ferrata utstyr på Loen Active butikken. Eventuelle via ferrata gjester som ønskjer å gå med eige utstyr må komme innom Loen Active butikken etter kl 15 for å registrere seg med namn og eventuelt betale ein frivilligheitspris til vedlikehald.
Zipline er open laurdagar og dagleg i skuleferien. Det er vêrforbehold. Minimumsvekt 30 kg og maks 120 kg.
Billettar i Fjellbutikken : 550,- pr person

Via Ferrata Loen starter på nivå med Nordfjorden, på skogsveg og sti opptil 440 moh. Deretter via ferrata opp til 910 moh og over Gjølmunnebrua på 750 moh. Via ferrata vanskeligheitsgrad frå A til C, alternativt D nedanfor brua og E (Tors Hammar) på siste del etter brua før Hoven. Ein kan òg velje å gå over wirebrua, Gjølmunnestrengen, som er 36 m lang, på veg oppover Tunga på veg mot Hoven. Frå 910 moh er det vanleg sti til Hoven som ligg på 1011 moh.

Retur frå Hoven til Loen med pendelbane Loen Skylift er inkludert for dei som bestiller med instruktør.
Dei som kun leiger via ferrata utstyr må kjøpe Loen Skylift returbillett i tillegg, enten på automat på toppstasjonen eller i Fjordshop før avgang. Alternativt kan ein følgje ein om lag 8 km lang anleggsveg og sti til parkeringsplass på Holme på Oppheim (280 moh). Her er to shortcuts på sti frå dei to første svingane. Frå Holme og tilbake til Loen er det 6 km.
Via Ferrata Loen er ein krevjande tur på normalt 5 til 6 timar.

From fjord to sky

Fakta

  • Vi anbefaler nybegynnere å bestille tur i Via Ferrata Loen med instruktør inkludert retur med Loen Skylift. Booking
  • Påmelding før det blir fullbooka og seinast kl 18 kvelden før. Maks 40 gjester pr avgang kl 9, 10 og 11
  • Avbestillingsfrist er fire dager før ankomst, og det er betaling ved frammøte i Loen Active butikken
  • Sesong frå 1. mai til 31. oktober (atterhald om snø)
  • Oppmøte på Loen Active butikken (mellom Hotel Loenfjord og Hotel Alexandra) ein halvtime før avgang
  • All ferdsel på eige ansvar
  • Anbefalt aldersgrense er minimum 12 år (må vege minimum 40 kg for at sikkerhetsutstyret skal virke)
  • Forventa varigheit pr tur med instruktør: 5 til 6 timar inkludert pauser
  • Start frå Loen Active butikken, Via Ferrata Loen til Hoven og innom  Hoven Restaurant der instruktør takkar for seg. Du kan returnere med Loen Skylift ned igjen til Loen når du sjølv ønskjer
  • Alternativ retur på 8 km lang grusveg (snarvegar på sti ved første og andre 180 graders sving!)  til parkeringsplass på Holme på Oppheim. Deretter seks kilometer tilbake til Loen
  • All kommersiell drift som utleige av via ferrata utstyr og guiding med instruktør skal gå gjennom Loen Active
  • Spørsmål? post@loenactive.no eller tlf  57 87 58 00

Prisar

  • Via Ferrata Loen inkludert instruktør, klatreutstyr og retur med Loen Skylift   kr 1495,- pr vaksen og 1335,- pr barn (12-15 år)
  • Tillegg for zipline    kr  450,-
  • Ein fersk grov baguett kr  70,- (førehandstinging)
  • Leige La Sportiva via ferrata sko    kr 110,-
  • Kjøp av hanskar    kr  55,-

Info om Via Ferrata Loen og kart og video

Følg @viaferrataloen på Instagram

Naudsynt utstyr som du må ha med i sekken

  • Niste / matpakke
  • 1,5 liter drikke (på varme dagar minimum to og gjerne tre liter veske dersom det er veldig varmt)
  • Gummierte hanskar
  • Kle: vindtett jakke, lang bukse, buff/hue og elles varme kle etter vêrtilhøve
  • Sko: Vi anbefaler via ferrata/anmarsj sko, fjellsko eller robuste joggesko med rågummiert såle med god gripeevne på fjell (helst vibram såle). Loen Active leiger ut La Sportiva Hyper (frå str 36 til 47).

Gjølmunnebrua. Foto: Willy Miljeteig

Utleige av via ferrata utstyr

Erfarne via ferrata klatrarar som ønskjer å gå turen utan instruktør kan leige via ferrata utstyr (sele og slynge med to karabinkrokar, og hjelm) i Loen Active butikken.
Laurdagar, og kvar dag frå 1. juli til 15. august, er det utleige av via ferrata utstyr KUN ETTER kl 14 (for å unngå kø).
Pris på utleige  NOK 450,- pr pers.
All ferdsel på eige ansvar.
Dei som kun leiger via ferrata utstyr og går utan instruktør, kjøper eventuell returbillett til Loen Skylift på www.loenskylift.no , manuelt på Fjordstasjonen eller på automat på Fjordstasjon eller Toppstasjon. Eventuell familiebillett kjøper du kun manuelt på Fjordshop.

Det er eit sikkerheitskrav at du har via ferrata slynger enten med shock absorber eller rakneslynge for å gå Via Ferrata Loen.

Det kostar å halde ved like Via Ferrata Loen. Du kan støtte vedlikehaldet  ved å Vippse til 101073, betale til kontonummer 3705.20.83614 eller betale i Loen Active butikken. Takk for at du bidreg!

Loen Active takkar Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Stryn 2013 for økonomisk stønad til bygging av Via Ferrata Loen. 

Kart

Kart via ferrata anlegg i Loen

Viaferrata_Loen_LoenActive 2019..jpg