juli 7, 2020

Ofte stilte spørsmål

Er det ledige plassar i guida tur i Via Ferrata Loen?
Det er fortsatt litt ledig kapasitet enkelte dagar i sommar, men om du har datoen klar er det lurt å bestille snarast her. Vi har dessverre ikkje noka venteliste ordning. Sesongen er frå 1. mai til 31. oktober.

Eg ynskjer å klatre Via Ferrata Loen på eiga hand – kva gjer eg?
Erfarne via ferrata klatrarar som ønskjer å gå turen utan instruktør kan leige via ferrata utstyr (sele og slynge med to karabinkrokar, og hjelm) i Loen Active butikken etter kl 14. Dette kan førehandsbestillast på denne linken. Dette er på grunn av at våre via ferrata turar med instruktør startar kl 9, 10 og 11. I midtveke vår og haust kan det på førespurnad til Loen Active butikken vere mogleg å starte før kl 14. Dei som kun leiger via ferrata utstyr kjøper returbillett til Loen Skylift på eiga hand (familiebillett kun i Fjordshop). Med tanke på smittevern skal all trafikk i Via Ferrata Loen vere registrert med namn og telefonnummer i Loen Active butikken.

Eg vil prøve Zipline Loen – kva gjer eg?
Vår splitter nye zipline er open dagleg i skuleferien frå 13:00-18:00 (med vêrforbehold). Kjøp dette som avslutning på Via Ferrata tur med instruktør eller i Fjellbutikken på Hoven. Zipline.

Kor lang tid tek det å gå Via Ferrata Loen?
Vi reknar 5-6 timar frå avgong ved Loen Active butikken til vi kjem til Hoven. Eventuell zipline kjem i tillegg.
NB; Dersom du planlegg å ete i restauranten anbefaler vi å bestille bord på førehand. Dette gjer du her.

Tilbyr de kajakkturar?
Ja, vi tilbyr kajakktur med guide på Nordfjorden. Dei med våttkort kan leige kajakk. Les meir her.

Har de syklar til leige?
Ja, vi tilbyr syklar for utleige. Les meir her.

Loen Active sine aktivitetar
kan du booke her

Kan gravide klatre via ferrata Loen og ta zipline?
Av sikkerheitsmessige årsaker anbefaler vi generelt gravide å ikkje delta på Via Ferrata Loen og Zipline Flying Fox Loen. Det er betre å vente til etter fødselen. Eventuelt kan du konferere din fastlege.