juni 19, 2018

Om oss

Loen Active er ei aktivitetsbedrift, som gjev deg opplevingar med start frå Loen sentrum. Via Ferrata Loen,  fjellturar med guide, kajakk, trøbåtar og sykling.
Om vinteren har vi skøytebane med utleige av skøyter, samt utleige av truger og kjelkar på Hoven.
Vi er lokalisert i Loen sentrum rett ved RV 60.

Flaggskipet er Via Ferrata Loen, ein klatresti (bygd i 2011) rett bak Hotel Alexandra. På «jernstien» opp fjellsida endar du på fjellet Hoven (1011 moh), med spektakulær utsikt til Lodalen, Oldedalen, Loen, Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen. Sommaren 2013 opna Gjølmunnebrua, den lengste via ferrata brua i Europa. Brua er 120 m lang og 35 cm brei, 170 meter over bakken! I tillegg blei det laga ei ny via ferrata rute opp Tunga etter brua. Begge rutene møtes på toppen. Sommaren 2015 bygde vi 110 m ny via ferrata i kategori D (veldig vanskeleg) i området nedanfor Gjølmunnebrua. Dette er ei valfri rute. Og på Tunga laga vi ei 36 m lang wirebru, Gjølmunnestrengen, for dei som verkeleg vil teste høgdeskrekken. Via Ferrata Loen høver godt for aktive turistar, teambuilding, firmaturar, vennegjengar; kort og godt ein fenomenal tur for deg som ønskjer å oppleve noko nytt og spektakulært i vår nydelege vestlandsnatur! Krav om normalt god fysisk form, varigheit på tur med guide er frå fem til seks timar. Vi anbefaler nybegynnerar å booke Via Ferrata Loen med guide. På toppen kan du besøke Hoven Restaurant for deretter å returnere til Loen med Loen Skylift .

Andre populære tilbod er sykkelutleige, kajakk, trøbåtar og fjellturar med guide. Vinterstid tilbyr vi skøytebane, og utleige av truger og kjelkar.

Eigar av selskapet er Hotel Alexandra.

Butikk

Loen Active har salg av La Sportiva motbakkesko, joggesko, via ferrata klatresko, fjellsko og kle, Bridgedale sokkar, Casco sykkelhjelmar, Skogstad ytterkle for dame og herre, Via Ferrata loen t-skjorte, Eisbär huer, Skåla Opp t-skjorte, cap, krus og nøkkelringar, drikkeflasker, Buff, Sponser sportsenergi, La Sportiva sekkar, klatrehanskar, Zeal solbriller, stavar med meir.

Opningstider

Vår: laurdag og søndag
Sommarferie: dagleg frå kl 8 til kl 22
Haust til og med haustefrie: dagleg
Velkommen!

Følg oss i sosiale media, og få med deg siste nytt!

Facebook.com/viaferrataloen
Facebook.com/loenactive
Instagram.com/viaferrataloen

Loen Active ønskjer å takke Innovasjon Norge og Stryn kommune for stønad i samband med oppstart av nytt firma.