Loen Active | Via Ferrata Loen

Store opplevingar

Loen - Stryn - Nordfjord
Via Ferrata Loen

Ein spektakulær klatresti til fjellet Hoven (1011 moh).

Vandring

Vi tek deg med til flotte turmål i Loen-området.

Sykling i Lodalen

Lodalen er vill og vakker, og perfekt for ein sykkeltur.

Om oss

Vi skal gje deg store opplevingar og minne for livet

Loen Active gir deg opplevingar med start frå Loen sentrum. Flaggskipet er Via Ferrata Loen, ein klatresti som blei bygd i 2011, rett bak Hotel Alexandra. Sommaren 2013 opna vi Gjølmunnebrua, den lengste via ferrata brua i Europa. Brua er 120 m lang og 35 cm brei, 160 meter over bakken! I tillegg laga vi ein ny via ferrata etter brua opp Tunga. Begge rutene møtes på toppen. Sommaren 2015 har vi laga 110 m ny via ferrata i kategori E (ekstremt vanskeleg), i området nedanfor Gjølmunnebrua. Dette er ei valfri rute. Og på Tunga er det no ei 35 m lang wirebru for dei som vil teste høgdeskrekken. Via Ferrata Loen høver godt for teambuilding, firmaturar, vennegjengar; kort og godt ein fenomenal tur for deg som ønskjer å oppleve noko nytt og spektakulært i vår nydelege vestlandsnatur! Krav om normalt god fysisk form, varigheit på tur med guide er frå 6-8 timar.

  • glede
  • meistring
  • Spenning

Team Loen Active

Omlag 40 personar er ein del av Team Loen Active. Her er nokre av dei:
Erik Brendefur
Dagleg leiar
Rune Holen
Guide & vedlikehald
Via Ferrata Guidar
Leier deg trygt fram

Gjestene meiner

Kontakt oss