mai 20, 2019

Kajakk

Opplev Loen frå kajakk, enten på Lovatnet eller på Nordfjorden.
Loen Active tilbyr kajkkturar med guide i doble kajakkar nesten heile året. Turen kan også kombinerast med ein vandretur

LOENVATN-FJORDNORGE-SVERREHJORNEVIK-26184_2000.jpg
Kajakk på Lovatnet

Tur 1: Lovatnet. Kajakk m/ guide

Lodalen er ein av dei vakraste dalane i landet, med høge dramatiske fjell,
isbrear og smaragdgrønt vatn. Bli med Loen Active på kajakktur og høyr om
dalen si dramatiske historie, og livet folk levde her.
I tillegg til utstyr inkluderer turen transport frå Loen til Bødal, matpakke og drikke.
Dagar : Onsdag og torsdag kl 10
Tidsbruk : 4-5 timar
Nivå : Lett
Minimum alder : 10 år
Pris frå: 1600,- per person

Tur 2: Fjordtur. Kajakk m/ guide på Nordfjorden

Med start frå Loen får du oppleve Loen og indre Nordfjord frå fjorden. Vi
stoppar undervegs og fortel om historia og naturen i dette området under
Jostedalsbreen.
Dagar : Fredag til tysdag kl 13
Tidsbruk : 3 timar
Nivå : Middels
Minimum alder : 8 år
Pris frå: 865,- per person

LOENVATN-FJORDNORGE-SVERREHJORNEVIK-26421.jpg

Tur 3: Oppdag padling. Kajakk m/ guide på
Nordfjorden

Ein kort tur på Nordfjorden, perfekt for nybyrjarar.
Dagar : Fredag til tysdag kl 10
Tidsbruk : 2 timar
Nivå : Enkel
Minimum alder : 8 år
Pris frå: 700,- per person

Booking

Utleige kajakk (utan guide)

Dei som kan framvise personleg sertifikat, minimum NPF (VåttKort
Grunnkurs), EPP2 eller BCU 2STAR, kan leige utstyr.

Dobbel kajakk: 1 time: 450,- | 3 timar: 815,- | Heildag: 1500,-
Enkel kajakk: 1 time: 325,- | 3 timar: 500,- | Heildag: 1080,-

Inkludert: Kajakk, åre, padlejakke, vest, hanskar og padlesko.


Praktisk informasjon

Alle turane inkluderer guide, kajakk, åre, padlejakke, vest, hanskar og
padlesko. Nokre av turane inkluderer også matpakke og drikke. Det er alltid
følgebåt med.
Loen Active held til midt i Loen sentrum.

Minimum antal deltakarar : 4 personar
Maks antal deltakarar pr tur : 17 personar

BESTILL

Bestill på nett, eller kontakt Loen Active på tel. +47 57 87 58 00 eller
post@loenactive.no