april 25, 2012

Via Ferrata Loen

Via Ferrata Loen er ein fenomenalt flott opptur frå fjord til fjell!

Start på nivå med Nordfjorden, på skogsveg og sti opptil 440 moh, deretter via ferrata opp til 900 moh og over Gjølmunnebrua på 750 moh. Via ferrata vanskeligheitsgrad frå A til D, alternativt E nedanfor brua. Ein kan òg velje å gå over wirebrua, Gjølmunnestrengen, som er 36 m lang, på veg oppover Tunga på veg mot Hoven. Frå 900 moh er det vanleg sti til Hoven som ligg på 1011 moh.

Retur frå Hoven til Loen med pendelbane Loen Skylift (frå 21. mai) eller langs anleggsveg til Oppheim (280 moh).
Via Ferrata Loen er ein krevjande tur på normalt 6-7 timar.

Fakta

  • Vi anbefaler å bestille tur i Via Ferrata Loen med guide. Booking
  • Påmelding seinast kl 18 kvelden før
  • Sesong frå 1. mai (når snøen er vekk) til 1. november
  • Oppmøte på Loen Active bygget (mellom Hotel Loenfjord og Hotel Alexandra)
  • All ferdsel på eige ansvar
  • Anbefalt aldersgrense er minimum 12 år
  • Forventa varigheit pr tur med guide: 6-8 timar inkl. pausar
  • Start frå Loen, Via Ferrata Loen til Hoven og retur enten med pendelbane Loen Skylift eller anleggsveg til Oppheim
  • Seks kilometer frå Oppheim tilbake til Loen. Booking av returtransport må gjerast ved bestilling eller før avgong
  • All kommersiell drift gjennom Loen Active
  • Spørsmål? post@loenactive.no eller tlf  57 87 58 00

Info om Via Ferrata Loen

Følg @viaferrataloen på Instagram

Naudsynt utstyr som du må ha med i sekken

  • Niste
  • 1,5 liter drikke (på varme dagar både to og tre liter veske)
  • Gummierte hanskar
  • Kle: vindtett jakke, lang bukse, buff/hue og elles varme kle etter vêrtilhøve
  • Sko: Vi anbefaler via ferrata/anmarsj sko, fjellsko eller robuste joggesko med rågummiert såle med god gripeevne på fjell (helst vibram såle).

Prisar

  • Via Ferrata Loen tur inkludert guide og via ferrata klatreutstyr    kr 990,- pp
  • Returtransport frå Oppheim, 6 km (valfritt)    kr 70,- pp
  • To grove baguettar à 90 g kr  95,- (førehandstinging)
  • Leige La Sportiva via ferrata sko    kr 100,-
  • Kjøp av hanskar    kr  50,-
  • Vannflaske Olden 0,5 l    kr  20,-
  • Tillegg for retur med pendelbane Loen Skylift frå Hoven til Loen    kr 280,- pp

Gjølmunnebrua. Foto: Willy Miljeteig

Utleige av via ferrata utstyr

Erfarne via ferrata klatrarar kan gå turen på eiga hand. Leige av via ferrata utstyr (sele og slynge med to karabinkrokar og hjelm) i Loen Active butikken NOK 400,-. All ferdsel på eige ansvar

Til dei som har eige via ferrata klatreutstyr og går på eige ansvar:

Det er eit sikkerheitskrav at du har via ferrata slynger enten med shock absorber eller rakneslynge for å gå Via Ferrata Loen. Det kostar å halde ved like Via Ferrata Loen. Om du vil bidra har vi ein frivilligheitspris på kr 200,- som du kan betale til kontonummer 3705.20.83614 eller i Loen Active butikken. Takk for ditt bidrag!

Loen Active ønskjer å takke Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Stryn 2013 for økonomisk stønad til bygging av Via Ferrata Loen.

Kart

ViaFerrataLoenRute